Internasjonalt

Miljøtilstanden i Noreg kan ikkje sjåast på uavhengig av utvikling i resten av verda. Internasjonalt samarbeid er ein viktig føresetnad for å løyse mange av dagens miljøutfordringar. Prinsippa om å vere "føre var" og ikkje overskride naturen sine tålegrenser bør liggje til grunn for samarbeid og avtalar.

Hovudmålsetjingane for Noregs internasjonale miljøsamarbeid er:

  • å hjelpe til å få kontroll med og redusere globale miljøproblem
  • å ta vare på norske interesser og redusere miljøskadar i Noreg som skuldast aktivitetar og utslepp i andre land
  • å sikre ei berekraftig utvikling og betring av miljøtilstanden i nærområda våre og i utviklingslanda

 

Noreg prioriterer miljøsamarbeid om:

  • klima
  • biologisk mangfald
  • helse- og miljøfarlege kjemikaliar
  • havspørsmål.

 

Forpliktande internasjonalt samarbeid

Noreg vil arbeide for at det internasjonale samarbeidet blir vidareutvikla med sikte på å få fram ambisiøse og forpliktande avtalar. Globale og regionale samarbeidsorganisasjonar må bli effektive reiskap for berekraftig utvikling. Rammevilkåra for internasjonal handel må støtte opp om dette. I tillegg er det viktig at miljøomsyn blir integrert i norsk utviklingspolitikk.

 

Kva internasjonalt samarbeid deltek Noreg i?

Noreg er engasjert i ei lang rekkje internasjonale fora og samarbeid:

  • I Noreg sine nærområde står Arktisk Råd, Barentssamarbeidet og det bilaterale samarbeidet mot Russland sentralt.
  • EU er vår viktigaste samarbeidspartnar i Europa. Særleg viktig er samarbeid med dei nye medlemslanda. Det europeiske miljøsamarbeidet skjer innanfor rammene av EØS-avtalen og den økonomiske kommisjonen til FN for Europa (ECE).
  • Globalt jobbar Noreg gjennom FN, spesielt gjennom miljøprogrammet til FN og Kommisjonen for berekraftig utvikling, Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD), Verdens handelsorganisasjon (WTO) og bilateralt eller multilateralt utviklingssamarbeid.