Forureining: Kadmium, bly, kvikksølv og PCB
Råd om kosthald: Gravide og ammande bør ikkje ete fisk og skaldyr fanga i Sørfjorden innafor ei linje mellom Grimo og Krossanes. Myndigheitene rår folk ifrå å konsumere skjel og djupvassfisk, som brosme og lange, fanga i Sørfjorden innafor ei linje mellom Grimo og Krossanes. Myndigheitene rår folk ifrå å konsumere torsk meir enn ei gong i veka. Dei rår óg folk ifrå å konsumere lever frå fisk fanga i indre Sørfjorden innafor Måge.
Areal: 62,2 km2
Sist vurdert: 2005.