Borgund stavkyrkje

Publisert av Riksantikvaren Lag rapport Read in English

Plassering: Lærdal i Sogn og Fjordane
Datering: 1100-talet
Endringar: diverse påbygg

Borgund stavkyrkje vart bygd mellom 1150 og 1200, og er ei av våre best bevarte stavkyrkjer. Ho har prega den allmenne oppfatninga av korleis ei stavkyrkje skal sjå ut: spontekka, med tak over tak, utskorne portalar og gapande dragehovud.

Mykje av dei utvendige bygningsdelane er bevart frå mellomalderen, så Borgund er mykje brukt som førebilete ved restaureringa av fleire av dei andre stavkyrkjene. Rett sør for kyrkja står det einaste frittståande, stavbygde klokketårnet i Noreg. Borgund var i bruk fram til 1868, då ny soknekyrkje vart bygd.

Borgund som stort restaureringsprosjekt

Eit storstila restaureringsarbeid pågjekk i to år, og våren 2012 kunne stavkyrkja gjenopnast i ny prakt. Handverkarane har brukt same teknikk og tilsvarande materiale som då stavkyrkja vart bygd for 800 år sidan. Over 5000 takspon på utsida er skifta ut med ein tru kopi av kvar einaste spon som måtte bytast ut.

Kjelde: Våre Kirker, Norsk Kirkeleksikon, 1993/Askeladden kulturminnedatabase/Kulturminnesøk